Jos haluatte tietää lisää niin alus myydään kesän jälkeen:
http://www.bt.no/lokalt/bergen/article571003.eceRuta mellom Bergen-Haugesund- Stavanger-Newcastle vert lagt ned. Det bestemte DFDS Seaways i dag.
Frå 1. september er det heilt stopp i ruta. Nedlegginga rammar 270 medarbeidarar på skipet, og 70 stillingar på land.
Skal spare 60 millionar i året
På den måten regner reiarlaget med å spare om lag 60 millionar kroner i året frå 2009.
– Det er trist at vi måtte ta denne avgjerda, men vi har ikkje lykkast med å forbetre økonomien, seier informasjonssjef Gert Jakobsen i DFDS Seaways til bt.no.
I 2006 overtok DFDS passasjerskipruta mellom Bergen og Newcastle. I fjor forsøkte selskapet å snu den negative utviklinga ved å bytte skip på ruta, samt endre bemanning og konsept om bord.
- Trass i desse endringane, og sjøv om medarbeidarane har gjort ein kjempeinnsats, har vi ikkje klart å skape den naudsynte framgongen for ruta, seier informasjonssjefen.
Han viser til at resultatet frå i fjor og for første kvartal i år var langt frå målet reiarlaget hadde sett seg. I tillegg har ein markant stigande oljjepris hatt negativ påverknad for moglegheita til å snu resultata, heiter det i pressemeldinga frå DFDS.
- Vi har ikkje lenger tru på at vi kan snu utviklinga og har på bakgrunn av det bestemt å leggje ned ruta 1.september, seier DFDS Seaways direktør Carsten Jensen.
340 personar mister jobben
– Kva skjer med dei som mistar jobben?
– Vi vil sjå om vi kan finne jobbar til så mange som mogleg andre stader i konsernet. Vi vil gå i dialog med medarbeidarar og fagforeiningar dei komande dagane, seier Jakobsen.
Det er hovudsakleg danskar og engelskmenn som vert ramma av nedskjeringane, men også nokre nordmenn er blant personalet.
I Norge vert DFDS sine salgskontor på Vestlandet og hovedkontoret i Oslo berørt.
- Vi kan no fokusere på arbeidet med å utvikle og forbetre drifta og servicen på vår viktige rute mellom Oslo og København, seier Jensen.
Skipet, ”Queen of Scandinavia”, som har segla på ruta, skal seljast.